Tok sin andre siger på rad – sjå resultat frå Skåla opp

Jonathan Wyatt (med nummer 633) gjekk av med sigeren i Skåla opp.

Jonathan Wyatt (med nummer 633) gjekk av med sigeren i Skåla opp. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Jonathan Wyatt frå New Zeland sette ny personleg rekord opp på Skåla.

Dermed kunne han inkassere sin andre siger på rad opp den bratte fjellsida.

Wyatt kom i mål på tida 1.08.59, i det som må kunne karakteriserast som dårleg vêr.

– Eg spring godt i slike tilhøve, når det er vått og glatt, seier Wyatt til NRK.

Wyatt har vunnet løpet tre gonger til saman, og er dermed den som har vunnet løpet opp til Skålatårnet, på 1848 meter, flest gonger.

Tyrkiske Anmet Arslann, som har blitt ein erfaren Skåla-klatrar, kom inn som andre mann. Han var om lag 20 sekund bak Wyatt.

Viste krefter før sesongen

Skiskyttar Johannes Thingnes Bø var ein av mange kjende namn på resultatlista etter Skåla opp. Nordfjordingen viste at kapasiteten også i år er høg, då han sprang i mål på tida 1.15.54.

Med det resultatet hadde han blant anna kjende namn som Odd-Bjørn Hjelmeset bak seg på lista.

Thingnes Bø vart til slutt nummer åtte, medan beste lokale løpar var Sindre Hoff i frå Viksdalen.

Nær rekord

I dameklassen fortalde Erik Brendefur før løpet at nivået var skyhøgt.

Der kunne rekorden komme til å ryke.

Spanske Laura Oruge låg lenge an til å ta den ståande rekorden, men fekk det for tøft mot slutten.

Dermed stogga tida to minutt bak rekorden, i det som var Oruges første deltakting i Skåla opp.

May Britt Buer vart nummer to i kvinneklassen.

Artikkeltags