Tok NM-gull i leirdueskyting

Artikkelen er over 8 år gammel

Skaut 148 og 150 mogelege treff

DEL

Martin Leknes (17) frå Kvammen i Askvoll vart søndag junior-norgesmeister i leirdueskyting, nordisk trap.

Han konkurrerte mot landets 18 beste i idrettsforbundet sitt meisterskap som gjekk over tre dagar i Enebakk.

Suveren

- Kjekt, seier 17-åringen om prestasjonen som gav både gullmedalje og pokal. Hans beste NM-plassering frå før var ein 6. plass i fjor.

Søndag stod Leknes med 123 av 125 mogeleg treff før finaleskytinga, og det er norgesrekord for juniorar. I finalen demonstrerte han suveren kontroll. Han skaut 25 av 25 mogelege treff.

Før finalen skytinga starta søndag fekk han også melding om at han er teken på landslaget. Det betyr landskap mot Danmark og Sverige.

Strålande sesong

Dette toppar ein strålande sesong som også omfattar fylkesmeistertittel.

- Etter dette kjem eg til å trene endå meir, lovar Leknes.

Det kan faktisk bli endå ein NM-tittel. Leknes tek også sikte på å stille i Norges jeger- og fiskeforbund sitt norgesmeisterskap i Løiten om 14 dagar.

Fleire gode

Også andre deltakarar frå Sogn og Fjordane gjorde sterke prestasjonar i Enebakk.

Even Andre Grytten blei nr. 3 i ungdomsklassen, mens Andre Grytten blei nr. 4.

Artikkeltags