Tenkt deg opp her i sommar? Då må du rekne med kø

Her har det vore stor trafikk så langt denne våren.

Her har det vore stor trafikk så langt denne våren. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Dagleg er det folk som vil opp Via Ferrata-ruta. Og vi har ofte lange ventelister, seier Erik Brendefur.

I 2011 vart fylkets einaste Via Ferrata bygd i Loen. Då kunne vanleg turistar ta seg opp den bratte fjellsida opp bak Alexandra Hotell via wire og sikringsutstyr. Men det var først då dei bygde ei spektakulær hengebru tvers over eit gjel, at interessa skaut fart.

Dobling

– Det første året med Via Ferrata i Loen hadde vi mellom to og tre hundre opp. I fjor var det nesten 700 som prøvde seg på våre organiserte turar. Men allereie no i juni, har vi snart nådd opp i fjorårets tal, seier Erik Brendefur som er dagleg leiar i selskapet Loen Activ som driftar den populære turaktiviteten i Loen. Han viser til at aktiviteten skaut fart då dei 24. august i 2013 opna den spektakulære «Gjølmunnebrua».

Les også: Det er 150 meter ned og – No startar galskapen

– Etter at brua kom, og vi fekk masse merksemd både lokalt og nasjonalt, så har trafikken skote fart. Berre sist søndag hadde vi 45 personar med oss opp. Og i tillegg til dette organiserte tilbodet talde vi nesten det doble talet turgåarar som gjekk opp på eiga hand, seier Brendefur og viser til at mange har kjøpt seg eige utstyr og difor kan gå opp Via Ferrataen utan hjelp frå førarar.

– Vår utfordringa har vore at vi ikkje har hatt meir enn 45 sett med sikringsutstyr. No har vi bestilt 100 nye sett, og når dei er på plass, så skal vi vere i stand til å ta unna langt fleire. For det er tydeleg at dette berre blir meir og meir populært, seier Brendefur om turen opp til det 1000 meter høge fjellet Hoven.

Vil tilbake

– Turen opp Via Ferrata’en tek fem-seks timar, og du får ei unik oppleving. Ikkje minst er det mange som opplever turen ut på den luftige Gjølmunnebrua som spektakulær. Og ikkje minst er det veldig mange som vil komme igjen, seier Brendefur.

Han viser til at det dagleg er folk som går opp den bratte fjellsida, og at det på dei flottaste dagane med fint vêr, er tendensar til kø i fjellet.

Les også: Tør du gå over her?

– Det er klart at når vi førarar har med oss 45 turgåarar, så vil tempoet kunne variere. Difor vurderer vi no å kunne fordele turlaga utover heile dagen. Spesielt no i den lyse årstid. Det betyr at vi kan få teke unna litt av ventelistene med å gå turar opp og ned to gonger om dagen, seier Brendefur.

Han fortel at berre i juli så har det allereie komme inn bestillingar på over 300 turar.

– Vi ser at juli, august og september er dei store månadane. Så då må vi vere rusta for å ta unna trøkket, seier Brendefur.

Artikkeltags