No har Ine fått gladmeldinga – er utteken til VM

EM 2016: Ine Andersson kunne juble for sigeren i støyt i B-pulja under EM på heimebane i 2016. No kan ho juble nok ein gong - Andersson er nemleg teken ut til VM.

EM 2016: Ine Andersson kunne juble for sigeren i støyt i B-pulja under EM på heimebane i 2016. No kan ho juble nok ein gong - Andersson er nemleg teken ut til VM. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VEKTLØFTING: Tre norske vektløftarar er teken ut til VM i Turkmenistan. Ho eine er frå Tambarskjelvar.

DEL

– Eg har hatt eit mål om dette veldig lenge. No har eg vore med på tre EM, så dette var på tide.

Det sa Ine Andersson til Firda for litt over ei veke sidan. Då hadde ho akkurat klart kvalifiseringskravet til VM i vektløfting.

Måndag kom det offisielle uttaket.

Første frå fylket

Og der var Tambarskjelvar-løftaren ei av tre norske. Dei to andre er Sarah Oteza Hovden Øvsthus (AK Bjørgvin), som skal delta i 55 kg-klassen, og Kim Eirik Tollefsen (IF Tønsberg-Kameratene) i +109 kg-klassen.

Andersson skal delta i 59 kg-klassen, og vert med dette uttaket den første kvinna frå ein klubb i Sogn og Fjordane som skal delta i eit verdsmeisterskap.

VM-kravet tok Andersson som nemnd sist helg, det gjorde ho under Aalborg Cup. Der klarte ho 82 kg i rykk og 105 kg i støyt.

Til Dubai

Vektløftaren melde overgang til Tambarskjelvar før EM i Sunnfjord i 2016. I den perioden budde ho også her, men no for tida held ho til i Oslo.

Straks flyttar ho til Dubai for å jobbe som vektløftartrenar, men ho held kontakten med klubben sin.

– Gunnar Reiakvam er den klubbtrenaren i Norge eg har hatt best kontakt med. Eg flytta til Sunnfjord då eg satsa mot EM 2016 og har vore i klubben sidan. Det er der eg kjenner mest tilhøyrsle. Vi snakkast på telefon og sender kvarandre oppdateringar, og så møtest vi på konkurransar og samlingar, sa Andersson etter at VM-kravet var i boks.

VM i vektløfting vert arrangert i Turkmenistan 1.- 10.- november. Meisterskapen er det første stemnet i OL-kvalifiseringsperioden til Tokyo 2020.

Artikkeltags