Tambar tok seriegullet

GULLJUBEL: Tambarskjelvar-damene kunne sleppe jubelen laus. Gullet er sikra. Frå venstre Kristine Mundal, Mari Standal, Hilde elvebakk, Camilla Nøstdal, Beate Nyhammer og Helene Melhus. Foto: Rune Fossum

GULLJUBEL: Tambarskjelvar-damene kunne sleppe jubelen laus. Gullet er sikra. Frå venstre Kristine Mundal, Mari Standal, Hilde elvebakk, Camilla Nøstdal, Beate Nyhammer og Helene Melhus. Foto: Rune Fossum

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Feira saman med 200 naustedøler på heimebane.

DEL

-Eg følte ikkje at vi hadde kontroll, men vi var liksom hakket framfor heile tida, seier trenar Sturle Standal etter at Tambarskjelvar har vunne 3-0 over Stod og sikra seriemeisterskapen på heimebane.

Framfor 200 spente tilskodarar kom aldri Tambarskjelvar skikkeleg i gang med spelet. Men det heldt til siger - og det var det viktigaste i den spennande seriefinalen.

-Dette er ein stor dag for klubben, seier Standal.

Neste helg skal Tambarskjelvar spele årets siste rankingturnering i Lier.

Der vert det avgjort kven som får tilbod om å rykkje opp i eliteserien.

Og: Sjansen er svært stor for at naustedølane stikk av med opprykket.

-Dersom Åsheim skulle vinne i Lier, men vi bli minst nummer fem, forklarer Standal.

Det skal i utgangspunktet ikkje vere noko problem. Deretter skal klubben diskutere om dei vil ta imot opprykket til eliteserien.

Kampfakta:

Volleyball

1. divisjon kvinner

TAMBARSKJELVAR - STOD 3-0

Naustdalshallen

Om lag 200 tilskodarar

Settsiffer:

25-22

25-21

25-23

Dommarar: Arild Solheim og Dag Kjetil Storøy

Tambar (førsteseksar først): Hilde Elvebakk (kaptein), Beate Nyhammer, Kristine Mundal, Camilla Nøstdal, Mari Standal, Synnøve Øyra Iversen, Eva Linn Hove Ås, Guro H. Aamot, Silje M. Vallestad, Anne Marit Rygg, Helene Melhus, Nina Rygg

Stod: Ane-Marte Bye, Hanna Slapgaard, Marit Bye, Maren Aasen, Eline Bye, Hanne Bruem-Olsen, Karoline Møller, Frida Johansen, Mette Haugen Aas

Artikkeltags