Marcus tok gull i 100 meter fristil

Marcus Haus vinn gull i 100 m fri

Marcus Haus vinn gull i 100 m fri Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Symjar frå Eid i Special Olympics World Games 2015 i Los Angeles.

DEL

– Han starta knallbra med gull på første konkurranse, seier ein tydeleg stolt klubbleiar i Eid Symjeklubb, Ottar Vindfjell.

20 år gamle Marcus Haus tok i går gull i øvinga 100 meter fri under Special Olympics World Games 2015, som går føre seg i Los Angeles i desse dagar.

Tida 1,1159 var nesten heile 3 sekund raskare enn i forsøket.

Gjer det godt

Han er ein av 26 i den norske truppen som Norsk Idrettsforbund (NIF) sender til verdas største idrettsarrangement for utøvarar med utviklingshemming.

– Sidan han vart klassifisert i S14, har han gjort det jamt veldig godt med NM-sigrar, og to gull og eitt sølv i Special Olympics i Athen for fire år sidan, seier Vindfjell.

Og det ser det ut til at han vil fortsette med:

– Eg satsar på gull heile vegen, seier Haus til TV2.

Forutan sigeren kl. 23, norsk tid i går, satsar eidingen altså på å vinne 100-meter medley og 200-meter fristil.

– Vi i Eid Symjeklubb følger med, og får oppdateringar over telefon. No satsar vi på at det går minst like supert for Marcus i dei andre konkurransane, seier klubbleiar Vindfjell.

Men alt handlar ikkje om å vinne

Søndag fekk Haus møte sitt store forbilde; Michael Phelps. Phelps som er verdas mestvinnande OL-utøvar med totalt 22 medaljar, inviterte symjarar frå heile verda til stafett – og Haus var ein av dei heldige utvalde.

I følge Vindfjell kom det like brått på Haus, som på dei rundt han. Og til TV2 seier Haus sjølv at han var veldig overraska.

- Eg vart heilt sjokkert over at eg endeleg fekk møte han i verkelegheita. Han er eit stort førebilete for meg, seier Marcus Haus.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken