Gå til sidens hovedinnhold

Vunne fire ritt på ein månad, no satsar han alt for å bli oppdaga

Artikkelen er over 4 år gammel

SYKKEL: Kristian Aasen Tjønneland (21) frå Førde satsar for fullt på sykkelkarrieren. No jobbar han mot neste gong Tour des Fjords kjem til Sogn og Fjordane.

– Det var skikkeleg kjedeleg å sjå dei sykle forbi utan å kunne delta. Eg satsar for fullt og har aldri vore meir motivert for å komme langt innan sykkel-idretten, seier Kristian Aasen Tjønneland om då Tour des Fjords vart arrangert her med innspurt i Førde.

Han har to store mål for sommaren. U23 NM i Stjørdal 18. juni og norgescupen Tour de Hallingdal 06–09. juli.

– Eg har eit mål om å vise meg fram. Draumen er å komme på eit kontinental-lag slik at eg kan sykle Tour des Fjords og ritt i utlandet. For å komme på eit slikt lag må eg gje eit positivt inntrykk og vise at eg er seriøs, seier syklisten frå Sunnfjord.

Den siste månaden har han gått sigrande ut av turritta Ålesundsrittet, Ulstein Nordea-rittet, Jølster Rundt og Nordfjordrittet.

– Desse ritta er viktige for meg for å få god rittrening og eg kan sjå at forma er god. Eg har ikkje toppa forma mi opp mot nokon av desse ritta og eg har meir å gå på, fortel han.

– Sykkel kjem først, studium i andre rekke

21-åringen studerer Idrettsvitskap på Lillehammer der han bruker store delar av timane sine på sykkelen.

– Sykkel er alltid førsteprioritet. På Lillehammer er det veldig bra sykkelmiljø og der syklar eg mykje med andre syklistar. Eg ligg på rundt 900–1000 treningstimar i året, fortel Tjønneland.

Sjølv om han har sykla på Lillehammer i to år, held han fram med å konkurrere for moder-klubben, Førde Cycleklubb.

– Eg elskar å sykle her heime på Vestlandet. Her er det gode føresetnader for å drive med sykkel. Du har motbakkar, landevegar og flott natur rundt deg. Det blir ikkje mykje betre, seier Kristian Aasen Tjønneland.

Draum om eit lag

Sunnfjordingen fekk sin første proffsykkel då han var 17 år og har sykla mykje både i utlandet og i Norge sidan den gongen. No vil han satse for å få lagfølelsen når han skal ut på tur.

– Sykkelidretten handlar om å vere på lag og eg ønsker å vere ein del av eit. Eg føler eg er ein allround-syklist som kan bidra til eit lag med mykje forskjellig, fortel Tjønneland.

Når Firda møter den spirande sykkel-entusiasten, er han smått forkjølt, berre to veker før U23 NM i Trondheim.

– Eg skal riste det av meg og eg har ikkje vore mykje sjuk i det siste. Alt har gått veldig bra så langt i sesongen og no satsar eg på å komme blant dei 20 beste U23 NM. Eg skal vise meg fram, seier syklisten frå Førde.

Kommentarer til denne saken