Gå til sidens hovedinnhold

Datoen for sykkelfesten er bestemt

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: – Har du trekkspel eller trompet er det berre å komme seg ut i løypa 24. mai, seier Vidar Slettehaug.

Det internasjonale sykkelforbundet har lagt ut terminlista for 2017-sesongen, og den viser at «Tour des Fjords 2017» vert arrangert mellom 23. og 28. mai. Dette sykkelrittet vert ekstra godt krydra neste år, med ein etappe i Sogn og Fjordane.

Denne etappen kjem til å vere 24. mai.

– Best mogleg tidspunkt

Slettehaug er leiar for arrangementet i Sogn og Fjordane, og han gler seg stort over tidspunktet sykkelrittet kjem til fylket.

– Tidspunktet er best mogleg for oss. TV-bilda med vår flotte natur med snødekte toppar kjem til å nå ut til heile verda, seier Slettehaug til Firda.

– Du fryktar ikkje at snø over Gaularfjellet vil skape problem?

– Nei, det gjer eg ikkje, svarer Slettehaug.

Etappen vil gå frå Balestrand via Gaularfjellet, Rørvikfjellet, Moskog, rundt Jølstravatnet og med målgang i Førde, og den vil vere 195 kilometer lang.

– Signala vi har fått så langt er gode. Det kjem til å verte eit stort sirkus med 144 ryttarar fordelt på 24 lag, helikopter og bussar, seier Slettehaug.

Er i rute

Årets utgåve av «Tour des Fjords» vart arrangert i september, like før VM i Qatar. I september neste år er det VM i Bergen, men då vert altså «Tour des Fjords» arrangert fire månader tidlegare, samstundes som avslutninga på Giro d'Italia.

– Det er det internasjonale sykkelforbundet som tildeler dato, og det er ein stor kabal som skal gå opp. Eg meiner at tidspunktet er gunstig for oss. For like før «Tour des Fjords» vert «Tour of Norway» arrangert, noko som betyr at det vil vere elleve konkurransedagar i Norge. Det meiner eg er positivt, seier Slettehaug.

Han fortel vidare at dei ligg godt an, seks månader før den store dagen.

– Vi er i rute. Vi har arrangementskomitear som jobbar godt, seier Slettehaug og oppfordrar alle i fjordfylket til å setje av datoen 24. mai 2017.

– Dette blir ein sykkelfest. Har du trekkspel eller trompet, er det berre å komme seg ut i løypa.

Tre millionar ekstra

«Tour des Fjords» har fått løyve til å utvide rittet frå fem til seks etappar i 2017. Om det skjer, så vil etappen her i fylket bli den andre i rittet. Viss det derimot framleis blir fem etappar også i 2017, så vil «Tour des Fjords» starte i Sogn og Fjordane.

I løpet av desember blir utfallet bestemt.

– Å utvide med ein etappe vil koste rundt tre millionar kroner, så vi må ha ei runde med diskusjon rundt det. Blant anna må vi høyre med dei store laga for å forhøyre oss litt om kva dei tenkjer, seier Roy Hegreberg, som er dagleg leiar i rittet, til Firda.

Hegreberg gler seg stort til at sykkelfesten han er sjef for, kjem til trivselsfylket.

– Ja, veldig! Det er mange gode initiativ blant folk i Sogn og Fjordane, og det vert jobba veldig bra der, rosar den daglege leiaren.

Kommentarer til denne saken