Skaut 20 treff - Johannes (24) slo Fourcade med eitt minutt

Hochfilzen, Østerrrike 20170211.
VM i skiskyting 2017.
Sprint menn. Johannes Thingnes Bø. Tok sølv.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Hochfilzen, Østerrrike 20170211. VM i skiskyting 2017. Sprint menn. Johannes Thingnes Bø. Tok sølv. Foto: Berit Roald / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Stryningen var heilt overlegen under dagens jaktstart i Annecy i Frankrike.

DEL

Johannes Thinges Bø frå Stryn viste kven som var sjefen under dagens jaktstart. Han gjekk ut 21 sekundar før Martin Fourcade etter gårsdagens sprint og auka forspranget gjennom heile løpet.

Thingnes Bø gjekk i mål på tida 32.52.7. Fourcade kom i mål eitt minutt etter. Dagens siger er stryningen sin femte verdscupsiger denne sesongen, og den 18 totalt.

– Det er vanskeleg å finne ord for det Johannes presterer om dagen, sa NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith då Thingnes Bø hadde gått i mål.

Sjølv takka hovudpersonen sin franske trenar.

– Å skyte 20 treff i hans heimland trur eg han set pris på, seier han til NRK.

– Føler du deg som ein festbrems for franskmennene i dag? spør reporteren.

– Ja, litt, men eg høyrde at dei heia på meg, svarar han med eit smil.

Storebror Tarjei Bø kom på 20. plass.

Artikkeltags