Gå til sidens hovedinnhold

Store skadar i ny hall

Artikkelen er over 7 år gammel

Vasslekkasje gjer at ein sal i den nye idrettshallen i Trivselshagen på Sandane truleg blir stengd til jul.

Torsdag morgon var golvet ved kastburet overfløymt av vatn. Det viste seg at skadane er omfattande, skriv Firda Tidend måndag.

– Vi er berre mållause. Dette er berre trist, seier dagleg leiar i Trivselshagen, Anniken Rygg, til Firda. Ho var også prosjektleiar under byggeperioden.

Rør sprang lekk

Eit rør i veggen har sprunge lekk, og vatnet har truleg runne fritt heile natta, seier Rygg.

Og det viser seg at skadane er omfattande.

– Vatnet har trengt inn under sportsgolvet i eine hallen. Det er målt fukt i mellom halve og 2/3 av golvflata i denne hallen, er og det er enno usikkert om det er mogleg å tørke ut golvet utan å ta opp sportsgolvet, seier Rygg.

I løpet av måndagen kjem folk frå eit reingjeringsbyrå, og då startar arbeidet med opptørking for fullt, seier Rygg.

Fullbooka

– Når kan den takast i bruk?

– Det er vanskeleg å seie no, men vi reknar med vi har fått ut fukta til jul, seier Rygg.

Hallen som no er stengd var fullbooka både på dag- og kveldstid.

Dette er andre gongen ho opplever vasslekkasje i Trivselshagen. Tidlegare i år oppstod det lekkasje i taket på den nye turnhallen. Den gongen var det eit varmepanel som sprang lekk, og kostnadene med å få reparert skaden var mellom 300.000 og 400.000 kroner ifølgje Rygg.

Idrettsdelen er 3. og siste byggetrinn i Trivselshagen, eit prosjekt som har ein totalkostnad på 290 millionar kroner. Den er eit samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen, og inneheld idrettshall, symjehall, kultursal og undervisningslokale til Firda vgs.

Kommentarer til denne saken