Spydde fire gonger i natt - klar for semifinale i dag

Lars Fredrik Tvinde og Hendrik Mol er klar for semifinalen i U22-EM.

Lars Fredrik Tvinde og Hendrik Mol er klar for semifinalen i U22-EM. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Lars Fredrik Tvinde måtte opp å spy fire gonger i natt, i dag vann dei kvartfinalen i EM.

DEL

Lars Fredrik Tvinde og makker Hendrik Mol hadde ei tøff oppgåve då dei møtte det beste russiske laget i U22-EM i sandvolleyball.

Og om ikkje oppgåva var tøff nok, vart Tvinde matforgifta på turen, og måtte finne veien på ramma fire gonger i natt.

- Eg har hatt ei forferdeleg natt. Rundt klokka tre stod eg opp å spydde opp igjen all middagen, seier Lars Fredrik Tvinde til Firda.

- Trudde eg skulle spy igjen

I dag har Tvinde og Mol spelt tre kampar. Først tok dei seg forbi nederlandske Keemink og Boehlé i første runde. Deretter møtte dei kroatiske Mate og Dellorco. Begge kampane enda med siger for det norske paret.

- Dei to første kampane i dag er noko av det verste eg har vore med på. Eg trudde eg skulle spy under kvar ballveksling. Men i siste kampen kvikna eg til igjen, og det var moro å spele, seier Tvinde.

Det russiske laget har vore motstandar for dei to før. Seinast i EM for to år sidan.

- Vi slo dei 2-1 då, så det var godt å vise at maktbalansen er den samme, seier Tvinde og ler. Kampen enda med 2-0-siger.

Håpar på finale

I morgon er det dags for semifinale. Då skal dei møte det polske paret Kosiak og Rudol.

- Det er berre snakk om å få 21 poeng i to sett, så blir det finale. Det har vi tru på at vi kan greie. Men vi må gje alt heile kampen, seier han.

Men før dei kjem så langt er det ein ting som blir viktig.

- Eg er nødt til å få i meg noko skikkeleg mat, så eg har næring. I dag har eg drukke cola utan kolsyre og ete Ritz-kjeks. Men eg fekk ein energigele før siste kampen i dag, den hjalp. Så eg må finne tak i nokon slike, seier Tvinde.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken