Sprang 8,4 mil på seks timar

VANN NM: Helge Hafsås la bak seg over 8,4 mil på seks timars innsats.

VANN NM: Helge Hafsås la bak seg over 8,4 mil på seks timars innsats. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Helge Hafsås vart norgesmeister i sekstimarsløp.

DEL

Helge Hafsås vann laurdag herreklassen under NM i sekstimarsløp på Eidsvoll.

Maratonløparen frå Olden opna i forrykande tempo og tok tidleg teten. Nokre timar seinare vart han teken igjen av ein løpar, men til slutt sikra han seg NM-tittelen med om lag ein og ein halv kilometer, skriv kondis.no.

Hafsås sin vinnardistanse enda på 84,356 kilometer på dei seks timane.

Du finn heile resultatlista her.

106 deltakarar starta konkurransen på Eidsvoll.

Artikkeltags