Spelaren «alle» vil ha

Ruben Holsæter er jakta på av fleire tippeligaklubbar. Arkivfoto. Foto: Einar Trovåg
Tippeligaklubbane jaktar på Ruben Holsæter
Laurdag scora Ruben Holsæter to nye mål for Førde. Måndag reiser han på prøvespel i toppklubben Brann.
Jakta av fleire klubbar
Ruben Holsæter har for alvor fått fart på fotballkarrieren. Tidlegare i år har Sogndal og Brann visst interesse for 19-åringen.
No har også Viking og Strømsgodset fått auga opp for Førde sin toppscorar. Seinast i kampen mot Nest-Sotra var Viking-speidarar på plass på Førde stadion for å følgje midtbanespelaren. I den kampen scora Holsæter tre mål. Planen er at Holsæter skal vise seg fram for Viking-trenar Åge Hareide etter sesongslutt.
Men først er det Bergen og Brann som ventar dei neste fire dagane, noko Holsæter gler seg til.
-Draum å spele i Tippeligaen
Med klubbar som Sogndal, Brann, Strømsgodset og Viking på jakt etter Holsæter er det stor sjanse for at ungguten blir å finne i landets øvste divisjon neste sesong.
– Det har eg ikkje tenkt så mykje på. Men det er sjølvsagt ein draum for meg å spele i Tippeligaen.
– Det skal vel litt til for at eg spelar i Førde til neste år, men alt kan skje. Det viktigaste for meg er å få mest mogleg speletid, seier han.