Tredje serierunde: Sogndal vann 4-1 over Notodden

I fjor gjekk sogningane på eittmålstap heime på Fosshaugane. I kveld fekk dei revansje.

DEL

Sogndal har ikkje fått ein god start på sesongen. I første heimekamp mot Sandnes Ulf redda Alioune «Badou» Ndour heimelaget frå tap, då han stanga inn utlikningsmålet i det 79 minutt.

Førre søndag vart det stortap på Jessheim, då Sogndal måtte reise heim med tre baklengsmål.

Slo tilbake søndag kveld

I kveld venta Notodden. Det heile starta nokså dårleg for Sogndal. Allereie etter 12 minutt sende Andre Bakke ballen i mål for Notodden.

Fleire mål vart det ikkje i første omgang, og då laga gjekk til pause leia Notodden.

I andre omgang var det eit tent lag som kom på bana. Allereie seks minutt ut i omgangen kom utlikningsmålet. Det var Alioune Ndour som skåra på ein målgjevande pasning frå Martin Ramsland.

Og Sogndal var berre så vidt begynt. I det 62. minutt skåra Ndour igjen. Denne gongen på ei pasning frå Sigurd Haugen. Dermed tok Sogndal leiinga for første gong i kampen.

Eit kvarter seinare stod det 3–1. Martin Ramsland skåra etter eit innlegg frå Eirik Schulze.

Dermed verka sigeren temmeleg sikker. Og Sogndal hadde meir på lager.

Åtte minutt før kampslutt skåra Sigurd Haugen.

Dermed slo Sogndal Notodden med 4–1.

Artikkeltags