Tobias (20) er klar for Sogndal

NY SPELAR: Tobias Bjørnebye har signert med Sogndal. Her med trenar Eirik Bakke.

NY SPELAR: Tobias Bjørnebye har signert med Sogndal. Her med trenar Eirik Bakke. Foto:

Son til Stig Inge Bjørnebye har skrive kontrakt til og med 2021-sesongen.

DEL

– Tobias har litt å leve opp til, han har i alle fall genene med seg, seier trenar Eirik Bakke til Sogndal Fotball si heimeside.

For ja, Bjørnebye kjem frå ein kjend idrettsfamilie. Han er son til Stig Inge Bjørnebye som spelte fotball på høgt nivå både i inn- og utland. Mor Hege Frøseth var handballkeeper for Norge og har OL-gull i skapet.

Bjørnebye-junior kjem frå Rosenborg, der faren fram til heilt nyleg har vore sportsleg leiar. Bjørnebye er midtbanespelar og har i år vore på utlån til Hødd, der han har spelt 21 kampar.

– Eg vil seie at eg er ein duellsterk spelar, seier han om seg sjølv.

Bjørnebye seier at han har fått eit godt inntrykk av Sogndal så langt.

– Det er ei fin gruppe med eit godt miljø, eg har fått eit veldig godt inntrykk. Fasilitetane er heilt topp, så her skal det bli kjekt å vere, seier han.

Les også: Eirik Bakke: – Eg har gått mange rundar med meg sjølv, og har tenkt dei tankane alle tenkjer - om tida er inne for at noko nytt skal inn

Artikkeltags