Terminlista er klar: Opnar på heimebane og må til Sotra 16. mai

KLARTE DET IKKJE: Her takkar Per-Magnus Steiring Sogndal-supporterane for støtta etter tapet mot Aalesund i november. I den kampen rauk håpet om opprykk. No er terminlista for 2019 klar, og då skal dei tilbake til byen på Sunnmøre.

KLARTE DET IKKJE: Her takkar Per-Magnus Steiring Sogndal-supporterane for støtta etter tapet mot Aalesund i november. I den kampen rauk håpet om opprykk. No er terminlista for 2019 klar, og då skal dei tilbake til byen på Sunnmøre. Foto:

FOTBALL: Fotballsesongen er akkurat ferdig, men allereie no er terminlista for 2019-sesongen til Sogndal klar.

DEL

29. november vart årets sesong i 1. divisjon avslutta for Sogndal sin del. Då tapte dei 1–3 på bortebane mot Aalesund. Den kampen var den andre kvalifiseringskampen om opprykk til eliteserien, og tapet gjorde at Sogndal også i 2019 spelar i 1. divisjon.

Seinare tapte Aalesund mot Stabæk, og dermed held også sunnmøringane fram i 1. divisjon.

Onsdag morgon vart dei 15 første kampane i neste års 1. divisjon lagt ut. Dei 15 siste vert offentleggjort klokka 11.00.

2019-sesongen startar 31. mars for Sogndal sin del når dei møter Sandnes Ulf på heimebane. Helga etter er det årets første bortekamp når Eirik Bakke og hans menn gjestar Ull/Kisa.

4. mai skal dei tilbake dit opprykksdraumen rauk i år, nemleg Color Line Stadion og Aalesund.

Deretter ventar heimekamp mot KFUM Oslo, før Sogndal skal til Sotra på fotballens nasjonaldag 16. mai. Der skal dei møte Nest-Sotra.

Etter bortekampen mot Kongsvinger 30. juni ventar ein spelefri periode på tre veker før haustsesongen vert trilla i gang 21. juli heime mot Tromsdalen.

Sesongens siste kamp vert spelte borte mot KFUM Oslo 11. november.

Under finn du oversikt over alle 30 kampane Sogndal skal gjennom neste år. Tidspunkt for dei 15 siste kampane er ikkje klare enno, men i parentes finn du helga kampen skal gjennomførast.

1. runde: Sogndal – Sandnes Ulf søndag 31. mars klokka 18.00

2. runde: Ull/Kisa – Sogndal søndag 7. april klokka 18.00

3. runde: Sogndal – Notodden søndag 14. april klokka 18.00

4. runde: HamKam – Sogndal måndag 22. april klokka 18.00

5. runde: Sogndal – Raufoss søndag 28. april klokka 18.00

6. runde: Aalesund – Sogndal laurdag 4. mai klokka 15.30

7. runde: Sogndal – KFUM Oslo laurdag 11. mai klokka 15.30

8. runde: Nest-Sotra – Sogndal torsdag 16. mai klokka 18.00

9. runde: Sogndal – Start søndag 26. mai klokka 15.00

10. runde: Sandefjord – Sogndal søndag 2. juni klokka 20.00

11. runde: Sogndal – Strømmen søndag 16. juni klokka 18.00

12. runde: Sogndal – Skeid søndag 23. juni klokka 18.00

13. runde: Kongsvinger – Sogndal søndag 30. juni klokka 15.00

14. runde: Sogndal – Tromsdalen søndag 21. juli klokka 18.00

15. runde: Jerv – Sogndal søndag 28. juli klokka 18.00

16. runde: Sogndal – Ull/Kisa (i løpet av helga 3.–5. august)

17. runde: Notodden – Sogndal (10.-12. august)

18. runde: Sogndal – Aalesund (17.-19. august)

19. runde: Tromsdalen – Sogndal (21. august)

20. runde: Sogndal – Kongsvinger (24.-26. august)

21. runde: Start – Sogndal (31. august – 2. september)

22. runde: Sogndal – Sandefjord (14.-16. september)

23. runde: Skeid – Sogndal (18. september)

24. runde: Strømmen – Sogndal (21.-23. september)

25. runde: Sogndal – Nest-Sotra (28. september-30. september)

26. runde: Sandnes Ulf – Sogndal (5. oktober -7. oktober)

27. runde: Sogndal – Jerv (19. oktober-21. oktober)

28. runde: Raufoss – Sogndal (26.-28. oktober)

29. runde: Sogndal – HamKam (2. november-4. november

30. runde: KFUM Oslo – Sogndal 9.–11. november

Artikkeltags