Steffen Ernemann (36) går frå Viking til Sogndal

NY SIGNERING: Danske Steffen Ernemann har signert for Sogndal. Her med sportsjef Håvard Flo (t.h.).

NY SIGNERING: Danske Steffen Ernemann har signert for Sogndal. Her med sportsjef Håvard Flo (t.h.). Foto:

Midtspelaren har skrive kontrakt med sogningane frå 1. mars til og med 31. desember 2019.

DEL

– Vi er veldig glade for at Steffen kjem til Sogndal, seier trenar Eirik Bakke til Sogndals eigne heimesider.

Han har hatt ønskje om å sjå midtbanegeneralen i kvitedrakta i fleire år.

Steffen Ernemann er dansk og har mellom anna spelt i AGF Århus, Silkeborg og Esbjerg. Frå 2013 til 2016 spelte han i Sarpsborg 08 og frå 2017 til 2018 i Viking.

– Det blir godt å få Steffen inn i denne gjengen. Vi har ei ung gruppe, der vi har åtte spelarar på aldersbestemte landslag. Steffen har mykje erfaring og vil vere ein god rollemodell for dei unge både på og utanfor bana. Han har ein enorm vinnarvilje, seier Bakke.

Artikkeltags