Sogndal og Sandnes Ulf spelte 1-1 i årets første kamp

Før publikum på Fosshaugane knapt hadde fått sett seg, stod det 0-1 til bortelaget. Først då tidlegare Florø-spelar Alioune «Badou» Ndour vart bytta inn i det 71 minutt, vart det fart på Sogndal-laget.

DEL

Kent Håvar Eriksen på Sandnes Ulf skåra kampens første mål i det andre minutt. Sogndals spel bar preg av å vere første seriekamp. Dei kom til nokre sjansar før pause utan å få uttelling.

Til andre omgang gjorde Eirik Bakke to byter: Ulrik Fredriksen og Eirik Birkelund vart erstatta med Ole Martin Rindarøy og Akor Jerome Adams.

Sistenemnde sparte ikkje på kruttet og gjekk rett i angrep. Forsøket enda utanfor.

I det 71 minutt gjorde Bakke sitt tredje bytte og tok ut Martin Ramsland. Inn kom tidlegare Florø-spelar Alioune «Badou» Ndour. Etter sju minutt på bana utliknaa han til 1-1.

På overtid hadde spissen moglegheit til å bli matchvinnar frå fem meter, men keeperen til Sandnes Ulf fekk slått ballen over mål.

Med det enda årets første seriekamp på Fosshaugane 1-1.

Firda kjem tilbake med meir.

Artikkeltags