Sogndal leia kampen i ein halvtime. Så rakna det fullstendig

Kampen enda 3-1 til Aalesund.

DEL

Det som lenge såg ut til å bli ein god bortekamp av Sogndal, enda på verst tenkeleg vis.

Etter vel 15 minutt felte Jonas Grønner Eirik Schulze innanfor 16-meteren, og dommaren peikte på straffemerket.

Ole Amund Sveen stilte seg opp og tok straffa, men skaut ballen rett på Aalesund-keeperen. Laga gjekk til pause med 0-0.

Etter kvilen kom Jonas Grønner igjen i fokus, då han skulle heade ballen tilbake til eigen keeper etter eit lagt oppspel. Han klarte derimot å servere ballen til Sogndal-spelar Martin Ramsland, som trilla den vidare til Schulze, og som enkelt sette ballen i mål i det 52. minutt.

Kampen såg lenge ut til å vippe i Sogndal sitt favør, men så heada Aron Elis Thrandarson ballen over Dyngeland i Sogndal-målet.

To minutt etterpå la Niklas Castro på til 2-1. På overtid sette Holmbert Fridjonsson siste spiker i kista med 3-1.

OPPVARMING: Ole Amund Sveen (i rosa) og resten av troppen varmar opp til kamp.

OPPVARMING: Ole Amund Sveen (i rosa) og resten av troppen varmar opp til kamp. Foto:

Artikkeltags