Sogndal hentar forsvarsspelar frå Molde

NYING: Martin Ove Roseth (20) kjem på lån frå Molde til Sogndal.

NYING: Martin Ove Roseth (20) kjem på lån frå Molde til Sogndal. Foto:

Dei to klubbane er samde om ein utlånsavtale til og med juli.

DEL

– Ifølgje rapportane er dette ein rask spelar med god venstrefot, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubbens eigne heimesider.

Fredag melder Sogndal at 20 år gamle Martin Ove Roseth kjem på lån frå Molde. Roseth er forsvarsspelar og er på lån til sogningane ut juli.

– Det er ein spelar Molde har stor tru på i framtida, og vi er glade for at han skal vere her i Sogndal no nokre månadar, seier Flo.

Utlånsavtalen kom i stand på bakgrunn av den nye regelen som gjer at unge spelarar kan gå på utlån utanfor det ordinære overgangsvindauget.

Roseth kjem frå Volda og har vore i Molde nokre år. I fjor var han på lån til Levanger, opplyser Sogndal.

– Eg håpar å bidra her i Sogndal, og gler meg til dei neste månadane. Målet er å hjelpe klubben i kampen om opprykk, seier 20-åringen.

Artikkeltags