Snappa koloss før Viking og Start

Dette er Sogndal sin nye stoppar, Reiss Greenidge.

Dette er Sogndal sin nye stoppar, Reiss Greenidge. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kjem frå engesk fotball

DEL

Sogndal Fotball melder onsdag ettermiddag at dei har signert ein ny midtstoppar, engelske Reiss Greenidge. Spelaren var ifølge Rogalands Avis klar for å signere kortidskontrakt med Viking, då Sogndal dukka opp som eit alternativ.

Engelskmannen er 20 år gammal, og er heile 195 centimeter høg. Han har både engelsk og jamaikansk pass, og har ei fortid frå U23-laget til West Bromwich Albion samt ein utlånsperiode for Port Vale. Denne sesongen står han utan kontrakt.

Reiss Greenridge har også vore på prøvespel i Start i tillegg til Viking i det siste.

– Vi er svært glade for at Greenidge har signert ein toårskontrakt med Sogndal Fotball. Han er 195 centimeter på sokkelesten og vil kjempe om ein plass i forsvarsrekka. Dette er ein svært spennande spelar, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Sogndal Fotball.

Artikkeltags