Sivert (16) og Eivind (17) har signert proffkontrakt med Sogndal

PÅ A-LAGET: Frå venstre Eivind Helgesen, Rune Bolseth og Sivert Heggheim Mannsverk.

PÅ A-LAGET: Frå venstre Eivind Helgesen, Rune Bolseth og Sivert Heggheim Mannsverk. Foto:

FOTBALL: Avtalane gjeld ut sesongen 2021.

DEL

Det melder klubben sjølv fredag.

– Det er veldig kjekt at vi kan ta opp to lokale gutar som har gått gradene i klubben. Dei har hatt ein veldig fin utvikling og er midt inne i ein spennande tid der dei tek nye steg heile tida, seier toppspelarutviklar Rune Bolseth.

Sivert Heggheim Mannsverk kom frå Årdalstangen IL i 2016. Han er midtbanespelar og vert omtalt som eit talent utanom det vanlege.

16-åringen debuterte på G15-landslaget i 2017 og var med då juniorane til Sogndal vann NM og skandinavisk meisterskap rett før jul.

Denne helga skal han vere med G17-landslaget på samling til La Manga.

Eivind Helgesen er frå Sogndal og har gått gradene i klubben frå barnefotballen. Han debuterte i Eliteserien våren 2017, og var også deltaktig i juniorane si bragd i fjor.

Han reiser også til La Manga på søndag for å spele kampar med G18-landslaget.

Tidlegare denne veka skreiv Firda om at Sogndal hadde avslutta samarbeidet med sju spelarar. No er det klart at Trond Olsen også reiser.

– Trond har ambisjonar om å forsette karrieren på eit høgre nivå, og med denne avslutninga kan det opne seg nye moglegheiter for spelaren, skriv Sogndal på heimesida si.

Artikkeltags