NFF krev økonomisk handling frå Sogndal

MÅ HANDLE: Sogndal må lage ein handlingsplan for finansielt oppfølgingssystem.

MÅ HANDLE: Sogndal må lage ein handlingsplan for finansielt oppfølgingssystem. Foto:

Klubben i OBOS-ligaen ligg i «raud sone», for første gong i historia.

DEL

Klubbane i toppfotballen går med eit lite underskot. Det viser rekneskapstala for første halvdel av 2019, som Norges Fotballforbund la fram førre veke.

Totalt omsette Eliteserien og OBOS-ligaen for 840 millionar kroner, noko som er litt lågare enn året før. Kostnadssida er likevel høgre enn dei føregåande åra. Etter inntekter frå sal av spelarar viser resultatet eit underskot på ni millionar første halvår.

Trekt tre poeng

I Eliteserien er ingen av klubbane i såkalla raud sone, men i OBOS-ligaen er det fem: Jerv, Nest Sotra, Raufoss, Sandefjord og Sogndal. Sistnemnde har fått pålegg om å lage ein handlingsplan for finansielt oppfølgingssystem.

Sogndal er allereie i gang med store økonomiske kutt. I vår vart det klart at klubben skal kutte opp mot 12 millionar kroner, og seks tilsette har allereie mista jobben.

Fylkets største klubb har aldri før vore i raud sone, men sidan 2015 har dei blitt kategorisert i gul sone fire gongar. Dei fire andre gongane i grøn.

Konsekvensen for å ikkje klare måla i ein handlingsplan kan bli poengtrekk, som til dømes Nest-Sotra har fått. Dei har blitt trekt tre poeng for ikkje å ha nådd delmålet i sin plan. Det kan få konsekvensar for kvalifiseringa til Eliteserien.

– Ein pariodi

Laget fell nemleg frå 41 til 38 poeng. Dei blir liggande på 5.-plass, men har no same poengsum som Sogndal.

– Å få poengtrekk etter 26 rundar er ein parodi. Du sit med ei kjensle av at sånt som dette berre skjer i Paradise Hotel, og at det ikkje har noko med fotball å gjere, seier Nest-trenar Steffen Landro til Bergens Tidende.

Det er fire kampar att av årets sesong, før ei eventuell kvalifisering. Søndag kan du følgje Sogndal sin heimekamp mot Jerv i Firda-liven frå klokka 18.00.

Artikkeltags