Kan Bakkes menn snu den dårlege trenden mot HamKam?

Klokka 18.00 skal Sogndal møte HamKam på bortebane. Følg kampen minutt for minutt i Firda-liven.

DEL

Kampen mot HamKam skulle eigentleg vore spelt 2. påskedag, men fordi klubben skulle legge nytt gras på Briskeby, vart kampen utsett til i kveld.

Både HamKam og Sogndal står begge med fire poeng etter fem serierundar, og ligg høvesvis på 12. og 13.-plass.

Sogndal har vunne fem av dei siste åtte oppgjera i 1. divisjon. Seinast i fjor slo dei Hamar-laget 3–1 på Briskeby.

Vinnaren av dagens kamp vil gjere eit lite hopp og klatre til midten av tabellen.

Artikkeltags