Historisk kamp på Fosshaugane i kveld: – Vi gler oss!

VANN: G19 gjekk heilt til topps i NM i 2018.

VANN: G19 gjekk heilt til topps i NM i 2018. Foto:

Aldri før har Sogndal spelt mot eit utanlandsk lag i ein teljande kamp, men klokka 18.30 i kveld skjer det.

DEL

– Ein slik sjanse har ikkje publikum hatt før, så eg håpar folk nyttar sjansen og kjem, for det er ikkje sikkert at denne sjansen kjem igjen med det aller første.

Det seier toppspelarutviklar Rune Bolseth i Sogndal Fotball.

– Mindre fysiske

I kveld skal Sogndal-juniorane møte finske FC Honka i 1. runde av UEFA Youth League heime på Fosshaugane. Årsaka til det celebre besøket er fordi G19-laget vann norgesmeisterskapen og Skandinavisk meisterskap i fjor.

– Det blir veldig kjekt. Spelarar, klubben og bygda gler seg veldig til denne kampen, seier Bolseth.

Er du ikkje Sogndal? Følg kampen minutt for minutt i Firda-liven frå klokka 18.30.

Han fortel at dei ikkje har kjennskap til FC Honka frå før, men at dei har studert dei på video og gjort seg opp eit inntrykk.

– Vi har sett dei på video i kampar der dei har spelt mot finsk motstand. Det første som slo oss var at dei har gode ferdigheiter med ball. Finsk fotball er også kjent for å vere meir omstendelege og mindre fysiske enn norsk fotball, og det ser vi hos FC Honka også. Dei har som regel fleire pasningar i laget før dei går til angrep, seier trenaren.

300 har kjøpt billett

– Korleis skal de slå dei?

– Vi skal halde fram med det vi har gjort dei siste kampane. Målet er å få ut det beste i laget, svarar Bolseth litt hemmelegheitsfull.

– Men uansett korleis resultatet blir i kveld er vi utruleg imponert over det laget har fått til. At dei har klart å gjenskape fjoråret med å kome til semifinalen i NM i år, er utruleg sterkt, legg han til.

For å få ei god ramme rundt kampen, har klubben sett ned billettprisen til 50 kroner per person. Så langt har dei selt 300 billettar på førehand.

– Vi reknar med at det blir ca. 600 publikummarar totalt. Med tanke på at det er midt i veka er vi fornøgd med det. Det er meldt flott vêr, så vi håpar så mange som mogleg tek turen, seier arrangementansvarleg Geir Inge Heggestad.

Artikkeltags