Han kom aldri på bana for Sogndal. No er det slutt

FERDIG: Walid Atta (30) har avslutta låneopphaldet i Sogndal, og reiser frå klubben utan å ha fått speletid i serien.

FERDIG: Walid Atta (30) har avslutta låneopphaldet i Sogndal, og reiser frå klubben utan å ha fått speletid i serien. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: I mars signerte Walid Atta (30) med Sogndal. Tre månadar etter er han løyst frå kontrakten grunna personlege årsaker.

DEL

– Walid kom til oss og spurte om det var mogleg å avslutte no. Dette går på personlege årsaker, då han skal bli far i august og ønskte å få klarheit i framtida. Vi sette spelaren i første prioritet her, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo til Sogn Avis.

Svensken har vore på lån frå saudiarabiske Najran, men ifølgje avisa kjem han ikkje til å returnere dit.

I løpet av sitt opphald i Sogndal kom han aldri på bana i serien. Einaste kampen han spelte i var mot Raufoss i cupen.

– Det har vore ein vanskeleg periode for Walid. Han hadde ikkje det beste grunnlaget, og blei skadd få dagar etter at han kom til oss. Slikt kan ein ikkje gardere seg mot. Vi var klar over at det var eit lite sjansespel å signere han rett før vindauget stengde, men Walid har vore ein fantastisk type i gruppa, og vore profesjonell heile vegen, seier Flo.

Torsdag signerte Sogndal ein ny spiss, og i kveld tek dei imot Aalesund på Fosshaugane Campus. Kampen kan du følgje på Firda Live.

Artikkeltags