FK Haugesund er på trenarjakt – Eirik Bakke står høgt på ønskelista

RYKTEBØRS: Eirik Bakke skal ifølgje Eurosport vere ønskt av FK Haugesund.

RYKTEBØRS: Eirik Bakke skal ifølgje Eurosport vere ønskt av FK Haugesund. Foto:

DEL

Det melder Eurosport torsdag.

Tidlegare denne torsdagen vart det klart at FK Haugesund-duen Eirik Horneland og tidlegare Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland blir trenarar i Rosenborg.

Det betyr at haugesundarane må ut på trenarjakt, og ifølgje Eurosport står Eirik Bakke høgt på lista.

Sogndølen har eitt år igjen av kontrakten med Sogndal. Han tok over trenarjobben etter Jonas Olson etter 2014-sesongen.

Verken Bakke eller FKH-sportssjef Jostein Grindhaug har ikkje svart på Eurosport sine spørsmål torsdag, men til Haugesunds Avis seier Grindhaug at fleire trenarar har meldt si interesse.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags