Desse spelarane har reist frå Sogndal

UTE: Oppe frå venstre: Nikita Baranov, Bjørn Helge Riise, Lars Christian Kjemhus, Reiss Greenidge, Akeem Latifu og Kjetil Wæhler.

UTE: Oppe frå venstre: Nikita Baranov, Bjørn Helge Riise, Lars Christian Kjemhus, Reiss Greenidge, Akeem Latifu og Kjetil Wæhler. Foto:

FOTBALL: Sidan serieslutt i november har sju spelarar pakka bagen og reist.

DEL

Sogndal er i gong med oppkøyringa til seriestart. Dei har også begynt å rydde i stallen.

Desse spelarane har gått ut dørene i Sogndal sidan sesongslutt:

  • Kjetil Wæhler. Fekk 15 kampar i fjor og totalt 34 kampar.
  • Bjørn Helge Riise. Kom før sommarvindauget stengde i fjor. Fekk totalt 8 kampar for klubben.
  • Lars Christian Kjemhus. Kom til Sogndal i mars 2015 og fekk totalt 88 kampar.
  • Akeem Latifu. Ville vidare til ny klubb. Fekk eitt år og 31 kampar i Sogndal.
  • Nikita Baranov. Estlendaren kom i fjor sommar og fekk totalt 12 kampar. No spelar han for bulgarske Beroe Stara Zagora.
  • Kasper Nissen. Kom i 2017, men vart skadd etter nokre veker. Var på utlån til Levanger i fjor. Fekk totalt to kampar for Sogndal før han reiste til Florø.
  • Reiss Greenidge. Den engelske stopparen har skrive kontrakt med Arendal FK. Fekk totalt 22 kampar for Sogndal.

Dette skriv klubben på eigne heimesider.

Artikkeltags