Sogndal brukte over 900.000 kroner på agentar i fjor

MÅTTE BETALE: Sogndal Fotball måtte betale agenten til Akor Jerome Adams då han signerte for dei.

MÅTTE BETALE: Sogndal Fotball måtte betale agenten til Akor Jerome Adams då han signerte for dei. Foto:

Det er over 600.000 kroner meir enn Mjøndalen, som rykte opp til Eliteserien.

DEL

For første gong offentleggjer Norges Fotballforbund ei oversikt over kor mykje norske klubbar betalte i agenthonorar.

Totalt brukte klubbane i Eliteserien 31,2 millionar kroner på agenthonorar, medan talet for alle laga i Obos-ligaen var 4,5 millionar kroner.

Ein agent kan samanliknast med ein meklar, og skal ha betalt for jobben han eller ho gjer. Summen som går til agenten er ein fastsett prosentsats av kontraktas verdi.

Sogndal Fotball brukte 963.118 kroner fordelt på 12 spelarar: Gilbert Koomson, Markus Brendsrød, Sigurd Haugen, Akeem Latifu (2 agenthonorar), Akor Adams, Stansia Mandic, Jonas Fredriksen, Ulrik Flo, Per Magnus Steiring, Lars Christian Kjemhus, Mohammed Dide Fofana og Kasper Nissen.

Florø Fotball brukte på si side 214.200 kroner fordelt på ni spelarar: Patrik Johannesen, Dejan Corovic, Lorent Callaku, Robert Kling, Alioune «Badou» Ndour, Erik Eikeng Renze Fij, Moses Dyer og Otar Javashvili.

Strømmen, Tromsdalen og Åsane var dei einaste laga i dei to øvste divisjonane som ikkje brukte pengar på agentar på herresida i fjor. Førde står oppført med eitt agenthonorar, men beløpet er ikkje kjent.

Sjå heile lista på Norges Fotballforbund sine sider.

Artikkeltags