Dette har ingen kvinner gjort før henne

21 år gamle Hildegunn Strand vart i helga den første kvinnelege skyttar som har skote 350 poeng. Og det er berre ein mannleg skyttar i fylket som har gjort dette tidlegare, nemleg Vegard Solhaug frå Aurland.

21 år gamle Hildegunn Strand vart i helga den første kvinnelege skyttar som har skote 350 poeng. Og det er berre ein mannleg skyttar i fylket som har gjort dette tidlegare, nemleg Vegard Solhaug frå Aurland.

Artikkelen er over 2 år gammel

SKYTING: Hildegunn Strand presterte unike 350 poeng i helga.

DEL

I helga vart Hildegunn Strand (21) frå Solund historisk. Ho vart den første kvinna frå fylket som presterte 350 av 350 poeng i skyting. Dermed klatre ho opp på trona saman med Vegard Solhaug frå Aurland som er den einaste mannlege skyttar i Sogn og Fjordane som har klart dette meisterstykke så langt. Dessutan er Hildegunn Strand truleg den første 4. klasseskyttaren i Norge som har klart dette.

– Eg blir femteklassing over nyttår, så det var ekstra kjekt at eg fekk til dette ein månads tid føre overgangen til 5.-klasse. Og det at eg makta 350 i helga, vart langt over det eg hadde forventa. Målet har sjølvsagt heile tida vore å bli ein av dei som har skote fullt hus, og no har eg altså nådd det målet. Det betyr ikkje at eg har tenkt å legge opp, men eg ser heller på dette resultatet som ein motivasjonsfaktor for å satse vidare, seier Solund-skyttaren.

Flytta til Dale

Og at 21-åringen satsar på skyting viser hennar karriereval tydeleg. Ho flytta nemleg frå Hagefjorden i Solund til Dale i Fjaler for å bli betre i skyting.

– Eg valde å ta vidaregåande i Dale grunna skytinga. Og med Ove Sunde som ein av dei viktigaste trenarane, så forbetra eg meg mykje dei tre åra. Og eg håpar verkeleg at fleire skyttarar tek det utdanningsvalet, og får dei same sjansane til å utvikle seg slik eg gjorde, seier Strand som no har gjort sogndøl av seg.

– Ja, no har eg flytta til Sogndal for å ta lærarutdanning. Då blir det treningar i Sogndal, Leikanger eller Norum på Norane. Dessutan har eg akkurat hatt praksis i Årdal, og då trente eg med Knipenborg. Og det er ingen tvil om at det er langt kjekkare å trene saman med andre skyttarar, seier den historiske kvinnelege skyttaren.

I Nordfjord

Dei 350 poeng vart prestert på Hundeide sitt stemne på Lote søndag, og i tillegg til dette stemnet deltok Strand også i dei fire andre miniatyrstemna til Knipenborg, Aurland, Tønjum og Stryn sist helg.

– Men resultata i dei andre stemna var ikkje så mykje å skryte av. Men på Lote så hadde ho som vann Offiserspokalen i LS i Førde sist år, Trine Ramsvik Stette frå sunnmørsklubben Engeset og Skodje, 349 poeng før eg skulle skyte. Så då visste eg at berre fullt hus var godt nok, smiler Hildegunn Strand.

– Vi skaut vanleg DFS-program på denne skytinga, og eg må innrømme at det vart ein del nervar då anvisinga kom. Ikkje minst då eg fekk 10,0 på det siste skotet, og var nær å få ein niar. Men då hadde eg verkeleg nådd målet, og det var ei fantastisk oppleving å få oppleve det. Det skal iallfall noko til for å toppe dette, smiler Strand då Firda treff den treffsikre skyttaren i Sogndal.

– Det blir vel berre meir forventingar etter dette. Men med ein fylkestittel og to samlagstitlar for Sunnfjord tidlegare, så har eg hatt press på meg før også. Så eg skal takle også dette. For dette gav meirsmak, ler Strand.

Artikkeltags