Christian (12) skaut seg til NM-gull

NM-GULL: Christian Hjartholm Solheim frå Brekke kunne juble som gullvinnar med pokal og blomar.

NM-GULL: Christian Hjartholm Solheim frå Brekke kunne juble som gullvinnar med pokal og blomar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

LANDSSKYTTARSTEMNET: Christian Hjartholm Solheim var sogningar finalen i rekruttklassa.

DEL

Hjartholm Solheim, som skyt for Oppedal/Brekke, vann sitt første NM-gull etter å ha skote 42 av 42 moglege poeng i finalen, melderNRK.

Hjartholm Solheim var best av alle dei 180 som stilte i kvalifiseringa og fekk då skyte på bane 1 i finalen.

– Eg har aldri skote så bra før, seier han til NRK.

12-åringen innrømmer at han var nervøs før finalen.

– Eg blir meir nervøs enn på andre stemne. Det er større og alle i landet er med, og det er vanskelegare å komme høgt opp, seier han.

Ubeskriveleg

Hjartholm Solheim kan no slappe av, sidan NM er over for gullvinnaren frå Brekke.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei. Eg gjorde som eg pleier og det føltast veldig godt når eg vann gullet, seier 12-åringen.

Framover er talentet klar for å heve seg fleire gonger.

– Eg er gira på å skyte meir, men eg har ikkje bestemt meg for kva eg skal neste gang. Eg tar det litt som det kjem, seier Hjartholm Solheim.

Fleire i aksjon

I finalen var det fire sogningar blant dei seks beste. I tillegg til Solheim, som vann, kom Emma Linneah Moen Rinde frå Leikanger på ein delt fjerdeplass. Eskil Angelshaug Venes frå Sogndal og Kristin Husum frå Leikanger kom på ein delt sjetteplass i finalen.

Artikkeltags