– Det er ikkje berre i kjeften han er treffsikker

Førde-ordførar Olve Grotle viste imponerande skyting under treninga med 49 av 50 poeng.

Førde-ordførar Olve Grotle viste imponerande skyting under treninga med 49 av 50 poeng. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: 19 ordførarar i skyteduell fredag.

DEL

I samband med årets Landsskyttarstemne i Førde har arrangøren utfordra alle ordførarane i fylket til skyteduell i Kråkenesmarka. Og ein av ordførarane som er klar for duellen er Førde sin eigen Olve Grotle.

– Han har eit uvanleg høgt potensial til å bli ein god skyttar, og har nok skote ein del i sin ungdom då han vaks opp i Bremanger, seier Stein Mortensbakke i Førde skyttarlag som har hatt høve til å følge opp arrangørkommunen sin kandidat i ordførarduellen.

Lauskrut

– Han har høgt potensial, men eg er noko meir usikker på treningsgrunnlaget. Og under treningane viste han at det er ikkje berre i kjeften han er treffsikker. Men han legg eit stort press på seg sjølv og meinte at dei andre ordførarane mest var å sjå på som lauskanonar og at dei brukte lauskrut. Medan han sjølv skaut ein uvanleg sterk serie, ler Mortensbakke og siktar til at Grotle hadde ein treningsserie med 49 av 50 poeng.

– Men eg er litt meir uroa når han nyttar dei siste vekene føre konkurransen til å reise på sykkeltur i Italia. Men han må uansett rekne med å vere ein utfordrar i duellen, seier Mortensbakke om Førde-ordføraren.

Følling skyt også

Vidar Skarsbø frå Leikanger skyttarlag, som er ansvarleg for ordførarduellen, er godt nøgd med at heile 18 av 26 kommunar har respondert positivt på å stille med sin ordførar, og at dei vil vere på plass i Kråkenesmarka.

– Det er to kommunar som stiller med sine varaordførarar, og dessutan kjem Jenny Følling som fylkesordførar til å delta på skytinga og forsvare fylkeskommunen. Så totalt skal vi ha heile 19 skyttarar på standplass under duellen, seier Skarsbø og viser til at ferieavvikling er den viktigaste grunnen til at det ikkje er 100 prosent frammøte.

– Vi er uansett veldig godt nøgd med at 19 sentrale politikarar på denne måten får høve til å bli noko meir kjend med kva skytesporten står for. Føre skytingane vil det bli orienteringar frå både Det Frivillige Skyttervesen og Førde Skyttarlag om Landsskyttarstemnet, og det skal etter skytingane vere omvising i Kråkenesmarka. Politikarane får då orientering av representantar frå både Forsvaret og Heimevernet, seier Skarsbø.

Berre vinnarar

Etter skytingane er ordførarane inviterte til å delta på opningsseremonien i Førde sentrum, og etter den skal det vere premieutdeling av ordførarduellen.

– Men vi ser på alle desse ordførarane som vinnarar og er svært glade for at dei kjem til Førde under årets Landsskyttarstemne, seier Skarsbø.

Dette er dei ordførarane som har meldt sin ankomst til duellen:

Skive 1: Førde, Olve Grotle

Skive 2: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jenny Følling

Skive 3: Flora, Ola Teigen

Skive 4: Jølster, Oddmund Klakegg

Skive 5: Gaular, Mathias Råheim

Skive 6: Naustdal, Håkon Myrvang

Skive 7: Askvoll, Frida Melvær

Skive 8: Gulen, Hallvard Oppedal

Skive 9: Fjaler, Gunhild Berge Stang

Skive 10: Hyllestad, Morten Askvik

Skive 11: Hornindal, Stig Olav Lødemel

Skive 12: Eid, Alfred Bjørlo

Skive 13: Balestrand, Lars Trygve Sæle

Skive 14: Lærdal, Jan Geir Solheim

Skive 15: Luster, Ivar Kvalen

Skive 16: Sogndal, Jarle Aarvoll

Skive 17: Vik, Olav Turvoll

Skive 18: Leikanger, Jon Håkon Odd

Skive 19: Årdal, Aleksander Øren Heen

Sjølve duellen skal føregå på 100-meteren frå klokka 13.00. Konkurransen er best av 25 skot, liggande stilling.

Artikkeltags