- Ber fleire ta buss opp til arenaen

Det var lange køar inn på parkeringspplassane i helga. Her er Asbjørn Steen i aktivitet.

Det var lange køar inn på parkeringspplassane i helga. Her er Asbjørn Steen i aktivitet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: - Det har vore kaos dei to første dagane.

DEL

Trafikksjef Asbjørn Steen og mannskapet hans har hatt hektiske dagar i Kråkenesmarka i helga, og både laurdag og søndag var det lange køar av bilar til skyteanlegget. På det verste stod folk innpå halvannan time i kø, og køen gjekk ned til Ulltang Sag.

– Ja, det har vore langt meir folk no enn kva eg har opplevd så tidleg i LS tidlegare. Så det betyr berre at vi må oppfordre så mange som mogleg til å bruke buss, seier Steen til Firda medan han dirigerer trafikken inn på området.

Får litt fleire

– Vi har 1600 parkeringsplassar, og det skulle i utgangspunktet vere nok. No får vi nokre fleire plassar i morgon, men likevel håpar vi at denne ventinga gjer at fleire tek buss dei kommande dagane. For bussane går tett gjennom heile dagen, seier Steen og ser at arrangøren har trafikale utfordringar.

– Men dette vil vi løyse. Og skulle nokre av skyttarane komme for seint, så får dei høve til å skyte seinare på dagen. Og i tilfelle vil vi opprette eige lag på slutten av dagen. Så utfordringa er nok størst for alle publikummarane som ikkje får sett sine håpefulle, seier Steen og er samstundes glad for at det er mykje folk i Kråkenesmarka.

– Det er så fullt som eg aldri har sett før. Det kan faktisk minne om trykket som var under finaleskytingane i 2008. Og enda har vi fleire dagar fram til finalane. Men det går seg nok til, og skyttarane er sindige folk som ikkje lar seg stresse av dette, seier Steen.

Artikkeltags