Mange er klare for det store presset

Dette er noko av det folkelivet som ventar dei beste skyttarane når finaleskytingane tek til for fullt. Bildet er frå skyttararenaen søndag ettermiddag.

Dette er noko av det folkelivet som ventar dei beste skyttarane når finaleskytingane tek til for fullt. Bildet er frå skyttararenaen søndag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Fleire frå fylket er gjennom det første nålauget.

DEL

Allereie tidleg på måndag skal mange lokale skyttarar kjempe om heider og ære i Kråkenesmarka. Då startar nemleg finaleskytingar, og først ute av dei yngre skyttarane for å avgjere kven som er best i Kongeriket, er klassen for eldre rekruttar. Dei skyt sine banefinalar frå klokka 12.00, og fylket er representert med fire av dei 43 skyttarane som har skote fullt hus. Det gjeld Erlend Ellingsen Årskaug frå Oppedal/Brekke, Fredrik Taklo frå Hundeide, Jens-Henrik Hegg frå Hegg og Joakim Grimestad Krone frå Gaular.

Tett om beinet

Etter innleiande skytingar i Kråkenesmarka både i felt og bane, har følgjande skyttarar frå Sogn og Fjordane skote fullt hus og er klare for finalar i løpet av veka. I tillegg til desse vil det også komme med fleire lokale skyttarar, men som då har eit litt svakare utgangspunkt enn desse som har skote fullt hus:

Baneskyting:

Eldre rekrutt (43 skyttarar har fullt hus):

Erlend Ellingsen Årskaug (Oppedal/Brekke),

Fredrik Taklo, (Hundeide)

Jens-Henrik Hegg, (Hegg)

Joakim Grimestad Krone (Gaular)

V65 (24 skyttarar har fullt hus):

Ola Loneland (Dale)

Odd Rinde (Leikanger)

V73 (18 skyttarar har fullt hus):

Toralf Årdal (Jølster)

Egil Melvær (Florø)

Feltskyting:

Rekrutt (39 skyttarar har fullt hus):

Mathea Yndesdal (Oppedal/Brekke)

Sara-Sofie Hegg (Hegg)

Emma Linneah Moen (Leikanger)

Olai Fattnes Ringstad (Førde)

Ida Grimestad Krone (Gaular)

Junior (34 skyttarar har fullt hus):

Herman H. Uglum (Sogndal)

Vegard Taklo (Hundeide)

Hanna Solheim (Oppedal/Brekke)

Torinn Eiken (Hyllestad)

V73 (40 skyttarar har fullt hus):

Ludvik Indrebø (Farnes)

Egil Melvær (Florø)

Svein Hoem (Stryn)

Artikkeltags