Hadde flest innerblinkar, men det var likevel ikkje nok

Erik Tobias Sletteland frå Dale hadde flest innerblinkar med heile 31 av 35 skot i innerblinken. Men ein millimeter skeiv på eit av skota gjorde at det ikkje kunne bli nokon tittel på Dale-skyttaren.

Erik Tobias Sletteland frå Dale hadde flest innerblinkar med heile 31 av 35 skot i innerblinken. Men ein millimeter skeiv på eit av skota gjorde at det ikkje kunne bli nokon tittel på Dale-skyttaren. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – Det var berre ein millimeter frå suksess.

DEL

Erik Tobias Sletteland frå Dale har i lengre tid utmerka seg som ein av fylkets mest talentfulle skyttarar med fleire fylkes- og vestlandstitlar tidlegare. Og han har også to gonger vunne medalje på tidlegare Landsskyttarstemne. Men under baneskytinga i klassa for eldre rekruttar hadde han ikkje marginane på si side.

– Nei, det siste skotet i den innleiande skytinga vart ein 9,9. Og med 249 poeng i dette selskapet, så har ein ikkje sjanse, seier 15-åringen som måtte sjå dei 43 beste skyttarane i landet kjempe om tittel og ære.

Flest innerblinkar

– Det er jo ein litt fattig trøyst at eg er beste skyttar viss ein berre ser på talet innerblinkar. Eg hadde 22 av 25 på innleiande, og ni i finaleomgangen. Og 31 av 35 skot i den inste blinken, burde eigentleg vere godt nok. Men det var den eine 9,9´ei som avgjorde alt. Ergerleg, seier Sletteland som er elev ved Dale ungdomsskule.

Erik Tobias Sletteland har tidlegare vunne vestlandsmeisterskapen to gonger, og har tre gonger på rad vunne fylkesmeisterskapen. Og med medalje under både LS i Sandnes og Lesja, så var håpet å vere med heilt i tetsjiktet også under årets LS.

– Dette er jo omtrent på heimebane for meg. Og det hadde vore vanvitig kjekt om det kunne ha blitt fullt hus. Og eg var så nær, så nær. Ikkje minst med tanke på at seks av skota mine i omgangen var 10,9. Det er jo så midt i blinken som mogleg. Dessutan var det berre eit skot i ytterblinken og det var det første skotet, seier Sletteland som går på Fjaler ungdomsskule.

– Det er ikkje så veldig aktivt skytemiljø i Dale, og eg trenar stort sett saman med Sigmund Kjosaas Haugen. Og vi har dyktige Ove Sunde som trenar, og er nok på skytebana to-tre gonger i veka stort sett, seier 15-åringen.

Stang inn

No håpar han å revansjere seg på feltskytinga.

– Eg må sette min lit til at eg skal halde fram på same viset der. Og etter at det vart stong ut på bana, så håpar eg no på stong inn. Det er iallfall det som er målet, seier Sletteland.

Fylket var representert med fire skyttarar blant dei som hadde 250 poeng etter dei innleiande skytingane. Men i finaleskytinga for eldre rekruttar på 100 meter var berre Fredrik Taklo frå eidklubben Hundeide som makta 100 poeng i omgangen av dei lokale skyttarane, og han stoppa opp på 350. Men med berre fire innerblinkar i omgangen, vart det delt 20.-plass på nordfjordingen. Trioen Joakim Grimestad Krone (Gaular), Erlend Ellingsen Årskaug (Oppedal/Brekke) og Jens-Henrik Hegg (Hegg) nådde ikkje heilt opp etter finaleomgangen.

Artikkeltags