Dei har tjuvstarta på helga

Allereie onsdag kveld gjennomførte Reidun Kristin Knapstad sine skot i fylkesmeisterskapen i miniatyr i Kråkenesmarka. Bjørn Kjønås i arrangørklubben Førde skyttarlag kunne sjå at Knapstad presterte 245 på sine 25 skot. -Skal ein vere med å kjempe om tittelen som best i fylket burde eg nok hatt to eller tre poeng til, seier Knapstad.

Allereie onsdag kveld gjennomførte Reidun Kristin Knapstad sine skot i fylkesmeisterskapen i miniatyr i Kråkenesmarka. Bjørn Kjønås i arrangørklubben Førde skyttarlag kunne sjå at Knapstad presterte 245 på sine 25 skot. -Skal ein vere med å kjempe om tittelen som best i fylket burde eg nok hatt to eller tre poeng til, seier Knapstad. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Denne helga vil knappe 300 skyttarar kjempe om fylkestittelen i miniatyrskyting i Kråkenesmarka.

DEL

Det er Førde Skyttarlag som står som arrangør.

– Det har aldri vore med så mange skyttarar tidlegare. Det viser at miniatyrskyting er meir populært enn nokon gong. Dessutan kan det jo hende at mange allereie har sikta seg inn mot Landsskyttarstemnet i Førde til sommaren, og no vil sjå kor dei ligg i løypa med tanke på den konkurransen, seier Bjørn Kjønås i Førde Skyttarlag.

Med i toppen

Allereie onsdag kveld var dei første skyttarane i aktivitet i Kråkenesmarka, og ein av dei første til å fullføre 25 skot innandørs, var Reidun Kristin Knapstad frå Florø Skyttarlag.

– Eg er sånn midt på treet nøgd med 245 poeng. Det skal nok halde til ein plass på den øvre delen av resultatlista. Men det er sikkert ikkje godt nok til å gå heilt til topps. Då måtte eg nok ha hatt eit par-tre poeng til, seier Knapstad etter skytinga i kjellaren på Skyttartunet i Kråkenesmarka.

– Eg reknar med at når dei beste skyttarane kjem i løpet av laurdag og søndag, så må ein opp i 247 eller 248 for å kjempe om fylkestittelen. Og det er klart at skyttarar som Vegard Solhaug (Aurland), Bertel Oddne Mjellem (Hyen), Hildegunn Strand (Solund) og Ole Arild Aa (Hyen) er førehandsfavorittar. Men samstundes brukar det ofte å dukke opp nokre overraskingar. Og det skjer sikkert også denne helga, seier ei av dei beste skyttarane i fylket.

Lange dagar

Og Bjørn Kjønås i Førde Skyttarlag ser at fylkesmeisterskapen vert eit solid løft for skyttarlaget.

– Vi startar med skytingane tidleg på morgonen, og er ikkje ferdig med det siste laget før langt utpå kvelden. Så det blir lange dagar for dei frivillige. Dessutan vil det bli arrangert stemne i både Naustdal og Florø, slik at dei som har lang reise har fleire enn berre eitt stemne å konkurrere i. Og det kan kanskje vere grunnen til at vi denne gongen har fått så mange påmeldingar. For dette blir rekordstort, seier Kjønås.

Finaleskytingane på fylkesmeisterskapen vil føregå utover på ettermiddagen søndag, og det vil også vere live-vising inne i Skyttarhuset.

Artikkeltags