- Skyttarane bør sette av god tid

LS-sjef Christian Rekkedal (t.h.) ber skyttarane vere budde på at det kan bli venting på ferjestrekninga Lote-Anda grunna stenginga av Utvikfjellet. Her saman med generalsekretær i DFS, Jarle Tvinnereim.

LS-sjef Christian Rekkedal (t.h.) ber skyttarane vere budde på at det kan bli venting på ferjestrekninga Lote-Anda grunna stenginga av Utvikfjellet. Her saman med generalsekretær i DFS, Jarle Tvinnereim. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: - Det vil kunne bli venting på Anda-Lote.

DEL

I samband med at fylkesveg 60 er stengt mellom Stryn og Byrkjelo grunna flaumen sist måndag, ventar arrangørane av årets Landsskyttarstemne i Førde at det kan bli utfordringar på ferjestrekninga Lote-Anda dei kommande dagane. Det stadfestar LS-sjef Christian Rekkedal.

– Vi veit at mange av våre skyttarar i utgangspunktet har planlagt å køyre over Strynefjellet til Førde. No vil vi gå ut på Landsskyttarstemne sine Facebook-sider og be dei som ikkje har campingvogn i staden køyre over Sognefjellet når dei kjem til Lom. For vi ser at det lett kan hope seg opp på Lote-Anda når trafikken av skyttarar for alvor tek til utpå dagen torsdag, seier Christian Rekkedal.

Fullt mannskap

Han har vore i kontakt med trafikkansvarleg i Fjord1, og fått tilbakemelding på at alt materiell som dei har tilgjengeleg er i bruk for tida.

– Vi fekk melding om at trafikken onsdag ettermiddag går ganske greitt, men at det er i ferd med å tetne til. Og det er klart at når trykket av skyttarar med bubilar og campingvogner kjem, så vil det lett bli kø på Lote-sida. Difor orienterer vi våre skyttarar om at dei må vere budde på at det kan bli venting. Så får vi håpe at trafikken blir spreidd utover så godt som mogleg, seier Rekkedal.

Ha god tid

Rekkedal avviser også alternativet som fleire skyttarar har kommentert om at det kan vere aktuelt å køyre Stårheim-Isane.

– Ja, med mindre bilar så kan det sjølvsagt vere heilt okey. Men det er ikkje noko vi tilrår folk med store campingvogner. Og iallfall ikkje viss dei ikkje er vande med å køyre på vestlandsvegar, seier Rekkedal.

Når det gjeld dei andre hovudinnfartsvegane til Førde i samband med LS, ferjestrekningane Manheller-Fodnes og Lavik-Oppedal, så trur ikkje Rekkedal det skal bli problem.

– Nei, her snakkar vi om god kapasitet og hyppige avgangar, så der bør det ikkje bli store problem, seier Christian Rekkedal.

Han forventar at det største trykket på vegane mot Førde vil starte allereie torsdag ettermiddag.

– Dessutan vil det vere mange som kjem til Førde på fredag, og også utover laurdag. Og sjølvsagt må ein vere budd på at det kan bli utfordringar når LS er ferdig om ei vekes tid, seier LS-sjefen.

Artikkeltags