Gå til sidens hovedinnhold

- Skuffa over heile laget

Artikkelen er over 8 år gammel

- Vi gjer Nyborg gode, seier ein skuffa Førde-trenar etter at dei tapte cupfinalen 3-0.

Førde kom bakpå allereie i første sett mot Nyborg, og klarte aldri å reise seg i cupfinalen i Domus Athletica.

Laget frå Bergen var betre både i blokk og på serve enn Førde, og vann til slutt kampen 3-0. Dei har no vunne to av dei siste tre cupgulla. I 2011 vann Førde mot Nyborg i Førdehuset.

- Skuffa

- Når vi er dårlege og Nyborg er god, vert det ikkje spennande, seier Førde-trenar, Frank Kalstad.

Han fann få lyspunkt etter kampen.

- Eg er skuffa over heile laget. Vi varierer veldig i kvalitet. Vi kan ha nokre gode vekslinga, så fell vi langt ned, på eit lågare nivå enn det vi har hatt tidlegare i år. Eg veit ikkje om det var nervar, eller kva det var, seier ein skuffa trenar, og legg til:

- Vi gjer Nyborg gode, og dei spelar oss dårlege.

Sette punktum

For Førde sin del var Geir Eithun den som plukka flest poeng. Og kampen var spesiell av fleire grunnar for veteranen. Cupfinalen var nemmeleg Eithun sin siste kamp innandørs. No tek han heller fatt på ei satsing utandørs. Eithun plukka ni poeng for Førde.

- Geir gjer ein grei siste kamp, han er einaste hjå oss som får godkjent. Det er sjølvsagt vemodig at han sluttar i Førde VBK, seier Kalstad.

Nyborgs Kristian M. Bjelland var den som plukka flest poeng med 14.

Nyborg vann setta 25-20, 25-18 og 25-16.