Sluttspurten heldt berre nesten for Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø vart nummer to på fellesstarten i franske Annecy.

Johannes Thingnes Bø vart nummer to på fellesstarten i franske Annecy. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: På den siste øvinga under helgas verdscup i skiskyting, måtte Johannes Thingnes Bø gi tapt.

DEL

Etter å ha vunne både sprinten og jaktstarten, vart det ein andreplass på Johannes Thingnes Bø på fellesstarten i skiskyting i Frankrike søndag.

Det skjedde etter at Johannes Thingnes Bø byrja fellesstarten på verste tenkeleg måte. Han skaut to bom på første liggjande, og måtte sjå heimehåpet Martin Fourcade få ei stor leiing.

Trass perfekt skyting på dei siste tre turane innom standplass, greidde Thingnes Bø aldri å tette den luka.

For franske Fourcade skaut feilfritt, og kryssa målstreken nokre få sekund før Thingens Bø, som enda som nummer to.

Artikkeltags