Eit stykke bak VM-gullet

Karoline Erdal vart nummer 21 på normaldistansen i junior-VM i skiskyting.

Karoline Erdal vart nummer 21 på normaldistansen i junior-VM i skiskyting. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

BRESNO-OSRBLIE: Karoline Erdal opna junior-VM med tre bom og var ikkje blant dei 20 beste.

DEL

Førde-jenta Karoline Erdal er denne veka i slovakiske Bresno-Osrblie for å gå junior-VM i skiskyting.

Der skal ho prøve å kopiere det nordfjordingen Johannes Thingnes Bø viste i VM tidlegare i vinter, der han var beste nordmann med tre individuelle sølvmedaljar.

For Erdal sin del vart det ein litt tøffare start på VM. For med tre tilleggsminutt vart det for langt opp til dei beste for Erdal.

Førde-skiskyttaren enda på 21.-plass, og var tre minutt og 49 sekund etter vinnaren.

Kanadiske Megan Bankes gjekk til topps etter å ha skote feilfritt.

Neste renn i junior-VM for Erdal er laurdag, då ho går sprinten. Det har ho gjort med hell før. I fjor vart ho nemleg verdsmeister i sin klasse.

Artikkeltags