Utklassa verdas beste

Johannes Thignes Bø sikra seg ein ny triumf i Hochfilzen laurdag.

Johannes Thignes Bø sikra seg ein ny triumf i Hochfilzen laurdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SKISKYTING: Tok sin verdscupsiger nummer 16.

DEL

Johannes Thingnes Bø sikra seg sin 16. verdscup-siger i karrieren då han vann jaktstarten i Hochfilzen laurdag. Stryningen kom inn til siste ståande skyting saman med verdscupleiar Martin Fourcade, og alt låg til rette for ein ny tøff duell mellom desse skiskyttar-gigantane.

Men nordfjordingen var i det umogleg hjørnet og med fem av fem moglege treff, kunne han allereie ut frå standplass glise til tilskodarane. For Fourcade på side fekk heile tre bomskot, og måtte ut i ein tøff duell med mellom anna Tarjei Bø om tredjeplassen på sigerspallen. Ein duell han avgjorde til sin fordel, medan storebror Bø vart nummer fem. Jakob Fak frå Slovenia vart nummer tre, omtrent minuttet bak Johannes Thingnes Bø.

Allereie søndag skal det norske skiskyttar-landslaget kjempe om meir heider og ære i verdscupen i Austerrike. Då vert det gått stafett.

Artikkeltags