Ustoppelege Johannes (25) tok sin 25. verdscupsiger

VANN IGJEN: Johannes Thingnes Bø vann verdscupsprinten i Hochfilzen torsdag. Her frå Sjusjøen i november.

VANN IGJEN: Johannes Thingnes Bø vann verdscupsprinten i Hochfilzen torsdag. Her frå Sjusjøen i november. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Rivalen Martin Fourcade skaut fullt, medan Johannes Thingnes Bø (25) bomma ein gong. Likevel var det stryningen som kunne juble.

DEL

Johannes Thingnes Bø vann torsdagens verdscupsprint i skiskyting i austerrikske Hochfilzen. Med det tok han sin tredje strake verdscupsiger.

Med det viser han at han meiner alvor når han seier at målet denne sesongen er å vinne verdscupen totalt.

Torsdagens siger var ifølge NRK hans 25. verdscupsiger.

– Det er eit forholdsvis rundt tal, så det kjennest bra. Det var eit slit, men verdt det når ein kryssar målstreken først, sa Thingnes Bø til NRK etter at sigeren var i boks.

Den første av to skytingar skaut Thingnes Bø fullt og gjekk ut i ei ganske solid leiing. På den andre skytinga måtte stryningen ut i ei strafferunde.

Den franske stjerna Martin Fourcade klarte det Thingnes Bø ikkje klarte, nemleg å få ned alle fem blinkane på den siste skytinga. Dermed vart det brått meir spennande. Men trass i fullt klarte ikkje Fourcade å tukte Thingnes Bø sin fantastiske fart i sporet.

8,6 sekund var Thingnes Bø framfor Fourcade i mål, som vart nummer to. Tyske Benedikt Doll kom på tredjeplass, ti sekund bak Thingnes Bø.

Ved målgang var stryningen totalt ferdig.

– Det er ikkje ofte eg har meir krefter igjen når eg går i mål, og det er eit godt teikn, meiner stryningen.

Like bra gjekk det ikkje for storebror Tarjei. Han vart nummer 28. I mål var han eitt minutt og 27 sekund bak veslebroren, og har dermed ein vanskeleg jobb føre laurdagens jaktstart i Hochfilzen.

Artikkeltags