Tarjei beste norske på jaktstarten – Johannes bomma seks gongar

FJERDEPLASS: Tarjei var nærast medalje av dei norske skiskyttarane på dagens jaktstart.

FJERDEPLASS: Tarjei var nærast medalje av dei norske skiskyttarane på dagens jaktstart. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Det blei ikkje medalje på Bø-brørne i dag heller. Medan Tarjei måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen, enda Johannes på 21.-plass.

DEL

Det begynte bra, men så rakna det for dei norske skiskyttarane under dagens jaktstart i Pyeongchang. Totalt bomma nordmennene 18 gongar.

Frå start gjekk Tarjei ut 34 sekund etter gårsdagens vinnar Arnd Peiffer frå Tyskland, medan Johannes starta 1,30 minutt etter.

På første skyting skaut begge fullt hus, men på andre skyting bomma Johannes to gongar.

Storebror Tarjei bomma ein gong på tredje skyting og to gongar på siste ståande. Johannes bomma totalt seks gongar, der fire av dei kom på nest siste skyting.

Til slutt enda Tarjei på 4.-plass, medan Johannes gjekk inn til ein skuffande 21.-plass.

Martin Fourcade (Frankrike) tok gull, Sebastian Samuelsson (Sverige) tok sølv og Benedikt Doll (Tyskland) tok bronse. Erlend Bjøntegård kom på 9. plass og Emil Hegle Svendsen på 20. plass.

Artikkeltags