Om du tvilte, no har brørne fått grønt lys

Tarjei Bø kan no gi Johannes Thingnes Bø ein high-five for OL-plass.

Tarjei Bø kan no gi Johannes Thingnes Bø ein high-five for OL-plass. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

OL: Måndag kom skiskytterforbundet sitt uttak til distanserenn i OL i Pyeonchang.

DEL

Det er vel få som har trudd noko anna, men skulle du ha vore i tvil om at Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø sine prestasjonar har vore gode nok til å få gå OL i Pyeonchang i Sør-Korea, så treng du ikkje lenger tvile.

Måndag kom det nemleg pressemelding frå Norges Skiskytterforbund om uttaket på distansegreinane i skiskyting.

Der er både eldstemann Tarjei Bø og yngstebror Johannes Thingnes Bø tekne ut.

Så dei skal gå både sprint, jaktstart og normaldistanse i OL.

Meisterskapen i Asia byrjar den 9. februar og varer til 25. februar.

Artikkeltags