Norge tok sølv på miks-stafetten

SØLVGUT: Johannes Thingnes Bø, Emil Hegle Svendsen, Marte Olsbu og Tiril Eckhoff tok sølv på mix-stafett i skiskyting tysdag

SØLVGUT: Johannes Thingnes Bø, Emil Hegle Svendsen, Marte Olsbu og Tiril Eckhoff tok sølv på mix-stafett i skiskyting tysdag Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Ei knalletappe av Johannes Thingnes Bø var med å sikre Norge sin 29. medalje i Pyeongchang tysdag.

DEL

– Eg måtte berre brenne til og synest sjølv at eg gjekk ei fantastisk etappe. Vi klarte å krige oss til sølv sjølv om vi ikkje leverte heilt på skytinga. Dette sølvet er god som gull, sa Johannes Thingnes Bø til NRK.

Åtte bom

Dagens mixstafett i OL vart meir spennande enn dei fleste hadde sett for seg. Etter totalt åtte bom på dei to første etappane låg Norge over minuttet bak leiande Tyskland ved tredje veksling.

Marte Olsbu gjekk første etappe og bomma to gongar på liggande, og ein gong på ståande skyting. Ved veksling var Norge 32 sekund bak på Italia på tredjeplass.

Tiril Eckhoff fekk heile fem bom og måtte også gå ei strafferunde etter ståande skyting. Det førte til at Johannes Thingnes Bø gjekk ut som nummer 12, 1,20 minutt bak Tyskland ved tredje veksling.

Sikra sølvet

Ved første passering hadde stryningen tatt inn ti sekund, og klinka til med fem treff på liggande skyting. På ståande skyting skaut han ein bom, men sjølv med eitt ekstraskot gjekk han ut 38 sekund etter Italia på 2.-plass.

– Forma har vore stigande. I dag får eg ut alt eg har. Eg er veldig nøgd. Eg trudde eg skulle slite på siste runde der, sa Thinges Bø til NRK.

Ved fjerde og siste veksling gjekk Emil Hegle Svendsen ut på fjerdeplass, 24,3 sekund bak leiande Tyskland. På liggande skyting fekk han ein bom og gjekk ut som nummer fire bak Tyskland, Italia og Frankrike.

På ståande skyting fekk derimot Tyskland ei strafferunde og Italia måtte bruke to ekstraskot. Hegle Svendsen klarte seg med eitt ekstraskot, og gjekk ut 34 sekund bak Frankrike og Martin Fourcade.

Franskmannen kunne ingen gjere noko med, men Hegle Svendsen sikra Norge sitt 10. sølv og 29. medalje totalt.

– Det Emil og «Jossi» gjer i dag - all honnør til gutane. Det dei gjer er fantastisk. Eg følte at eg blei litt syndebukk i dag, sa Tiril Eckhoff til NRK etter målgang.

Artikkeltags