Kan få pris etter gullåret

Johannes Thingnes Bø tok VM-gull på fellesstarten i mars føre Martin Fourcade og Ole Einar Bjørndalen. No kan han bli heidra.

Johannes Thingnes Bø tok VM-gull på fellesstarten i mars føre Martin Fourcade og Ole Einar Bjørndalen. No kan han bli heidra. Foto:

Johannes Thingnes Bø er nominert til fleire prisar på Idrettsgallaen.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Tradisjon tru vert idrettsåret starta med å hylle dei som gjorde det godt på idrettsarenaen året før. 7. januar vert Idrettsgallaen arrangert på Hamar, og der kan Johannes Thingnes Bø stikke av med fleire prisar.

Skiskyttaren frå Stryn er nemleg nominert til to prisar, «Årets mannlege utøvar» og «Årets namn».

Thingnes Bø sitt store høgdepunkt dette året var då han parkerte den vanlegvis suverene Martin Fourcade på fellesstarten i Oslo-VM i mars.

Han tok også bronse på mix-stafetten saman med sin bror, og herrelaget tok også stafettgull.

Det sistnemnde stafettlaget er også nominert i kategorien «Årets lag», noko som betyr brørne Bø kan vinne ein pris saman.

Nominert til «Årets lag» er også dei ferske europameistrane i handball, med Kjerstin Boge Solås på laget, og Anders Fannemel som vann laggull med Johann André Forfang, Daniel-André Tande og Kenneth Gangnes i skiflygings-VM i januar.

Artikkeltags