Johannes til topps på sprinten

VINNAR: Johannes Thingnes Bø vann fredagens sprint i Pokljuka. Bildet er tatt 20 km skiskyting i Alpensia Biathlon Centre under vinter-OL i Pyeongchang.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

VINNAR: Johannes Thingnes Bø vann fredagens sprint i Pokljuka. Bildet er tatt 20 km skiskyting i Alpensia Biathlon Centre under vinter-OL i Pyeongchang. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Foto:

SKISKYTING: Johannes slo storebror med over halvminuttet.

DEL

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til sesongens første verdscupsiger under dagens sprint i Pokljuka, Slovenia.

Stryningen gjekk i mål på tida 23.43, over halvminuttet før storebror Tarjei på fjerdeplass.

Antonin Guigonnat frå Frankrike og Alexandr Loginov tok høvesvis andre- og tredjeplass.

– Det skjer noko med kroppen min når det er verdscup. Eg kjenner det liksom i kroppen når eg legg meg i senga. Ein rar følelse, seier Thingnes Bø til NRK.

– Ein god dag for familien Bø i dag. Eg er ein stolt bror, seier eldstemann til NRK etter rennet.

Artikkeltags