Johannes (24) bomma ein gong – vann likevel

VINNAR: trass ein bom på siste skyting vann Johannes Thingnes Bø fellesstarten søndag. Bildet er frå fredagens stafettsiger.

VINNAR: trass ein bom på siste skyting vann Johannes Thingnes Bø fellesstarten søndag. Bildet er frå fredagens stafettsiger. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Stryningen slo rivalen Martin Fourcade i Ruhpdoling med fire sekund.

DEL

Under 15 kilometer fellesstart søndag gjekk Johannes Thingnes Bø inn til førsteplass.

Han skaut 19 av 20 treff og gjekk over målstreken på tida 37.11.02.

Bak Thingnes Bø vart det dobbelt fransk. Storebror Tarjei kom i mål 14,2 sekund etter og enda på 5.-plass.

– Det er verdens beste kjensle, seier Johannes Thingnes Bø til NRK etter å ha komme i mål.

Han hadde Martin Fourcade jagande ut på heile den fem og siste runden, men som i runden før heldt Thingnes unna i einsam majestet.

– Dette er ei av dei hardaste løypene, så det var tøft å gå åleine. Det er ikkje moro å ha Fourcade i ryggen, han har vore solid i det siste. Men det er dritgodt å vinne her, seier stryningen.

Artikkeltags