Begge Bø-brørne på pallen

ANDREPLASS: Johannes Thingnes Bø sikra seg andreplassen på laurdagens jaktstart. Mykje grunna ein lynrask sisteserie på ståande skyting.

ANDREPLASS: Johannes Thingnes Bø sikra seg andreplassen på laurdagens jaktstart. Mykje grunna ein lynrask sisteserie på ståande skyting. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Johannes gjekk enormt i sporet, medan Tarjei leverte feilfri skyting.

DEL

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein andreplass på laurdagens jaktstart i Oberhof. På pallplassen bak var storebror Tarjei.

Franskmannen Martin Fourcade gjekk først ut på jaktstarten, og først over mållinja med tida 32.23,6.

Lynrask siste serie

Sjølv om Johannes Thingnes Bø hadde ein bom på tre av dei fire skytingane, mot Fourcade sin eine bom på første skyting, hadde stryningen stor fart i sporet.

Ved målgang var han berre 6,3 sekund bak franskmannen, og det var særleg siste ståande skyting som slukte sekund.

Her tok Thingnes Bø inn om lag 15 sekund, med ein lynrask serie på fem treff.

Feilfri skyting

Og medan Emil Hegle Svendsen som lenge kniva tettast med Fourcade skaut ein bom på siste skyting, tok Tarjei Bø over pallplassen, med fire feilfrie skytingar.

Han gjekk i mål 30,9 sekund bak Fourcade, medan Hegle Svendsen kom på ein fjerdeplass, 1.04,7 bak teten.

Artikkeltags