Sogn og Fjordane vann herrestafetten i NM i skiskyting

VINNARAR: Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

VINNARAR: Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. Foto:

Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø gjekk heilt til topps på Ål søndag.

DEL

Skiskyttarlaget frå fylket, med Thingnes Bø på sisteetappe, gjekk i mål 16 sekund før Oppland1. Akershus2 gjekk inn til tredjeplass tre minutt bak vinnarlaget.

Slik var etappane fordelt: Ole Martin Erdal frå Førde, Håvard Gutubø Bogetveit (Førde), Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø (Stryn).

Kvinnelaget frå fylket gjekk inn til ein niandeplass. Laget bestod av Karoline Erdal, Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim og Ingrid Heggen.

Artikkeltags